- her er eit bilete av akkurat den delen av gangbrua mellom to plattformer på frigg-feltet som kryssa sektorgrensa mellom britisk og norsk sektor, frå den tida han stod parkert på eldøyane. jamfør artikkel i avisa julaftan frå statfjord a, der det vart sagt noko om taxfree handel. seksjonen er no plassert på oljemuseet i stavanger. aker stord ville pussa han opp før han vart henta, men det fekk dei ikkje lov til. elles, statfjord a har tre bein, ikkje to. og statfjord b og c har heile fire kvar, skriv gisle tjong i ein e-post til redaksjonen. det er forresten ein heil del felt ute i nordsjøen som ligg slik til at dei er både britiske og norske. - statfjord er eitt av desse felta, med om lag 87 prosent norsk eigardel. frigg er/var eit anna. det er det einaste feltet eg har høyrt om som hadde plattformer på begge sider av grensa, opplyser tjong